Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 191

  1. Kva er meint med skuldregelen i erstatningsretten?

    Den ulovfesta skuldregelen er ein regel om erstatningsansvar for den som opptrer uforsvarleg og påfører skade på personar eller ting. Regelen er også kalla ein regel om subjektivt erstatningsansvar. Det er gjort nærmare greie for dette på sidene 184–189 i læreboka.

  2. Kva heiter skuldregelen på latin?

    Skuldregelen blir også kalla «culparegelen». Culpa tyder skuld på latin. Regelen stammar frå romersk rett der juristane formulerte det slik: «Utan skuld, ikkje noko ansvar.»

  3. Kva for moment kan vere vurderingstema i ei skuldvurdering?

    I romersk erstatningsrett vart det utvikla ein tenkt person som vart kalla «bonus pater familias», noko som tyder «den gode, aktsame familiefaren». Når ein skulle vurdere om ein person hadde handla aktlaust, vart handlinga hans samanlikna med kva «bonus pater familias» ville gjort dersom har var i same situasjon som skadevaldaren. Aktløyse (culpa) vart konstatert dersom «bonus pater familias» ikkje ville gjort som skadevaldaren.

    I praksis spør ein først om ein skadevaldar har brote lov, forskrifter eller andre skrivne reglar. «Bonus pater familias» bryt ikkje reglar. Det blir også spurt om det ligg føre brot på uskrivne reglar.

    Eit anna vurderingsmoment er om skadevaldaren burde sett risikoen på førehand. «Bonus pater familias» tenkjer seg godt om før han gjer noko som er risikabelt.

    Det er også eit moment om handlinga er gjord på eit livsområde der skadepotensialet er stort. Jo større ein skade kan bli, desto meir skjerpa er «bonus pater familias».

    Samanlikninga med den gode, aktsame familiefaren må modifiserast. Ein kan til dømes ikkje samanlikne handlingane til barn og ungdom med godt vaksne og aktsame familiefedrar. Derfor må ein vurdere aktsemda i lys av alder og utvikling.